Fornybar energi
Fornybar energi vil vera avgjerande for å stoppa klimakrisa. Vind, vatn og sol – me treng all den fornybar energien me kan få. Vindkraft på land har dei siste åra vorte ein moden teknologi som er lønnsam utan støtteordningar. Me bruker i Noreg i dag framleis mykje olje og gass. Skal me lykkast i å nå klimamåla, skal vi lykkast i å fasa ut olje og gass, treng me meir vindkraft.
Les spørsmål og svar om fornybar energi
Vinden
Me har alle følt og kjent vind på kroppen. Den kalde isande vintervinden som jagar oss innomhus midtvinters, og den milde og varme solgangsbrisen som gjev vind i segla om sommaren. Men kva er så vind?
Kort fortalt er det luftrørsler i atmosfæren som oppstår når det eksisterer ein trykkforskjell mellom luftmassar. Denne trykkforskjellen kjem enten av tyngdekrafta eller sola si oppvarming av jordas overflate. Til dømes er kald luft tyngre enn varm luft, slik at tyngdekrafta trekk den kalde lufta mot bakken og skaper et høgtrykk ved bakkenivå.
Ein svært viktig faktor for at vind blir til, er sola. Den gjev frå seg enorme mengder energi som treff jordkloden kontinuerlig. Oppvarming av jordskorpa skapar varm luft langs bakken som gjer at lufta stig og skaper eit lågtrykk på bakkenivå. Trykkforskjellane må utjamnast og skjer ved at luftmassar sirkulerer frå område med høgt trykk til områder med lågt trykk. I denne rørsla ligg det lagra energi. Dette energipotensialet vert kalla vindkraft og kan fangast opp ved hjelp av vindturbinar slik me har på Midtfjellet.
Me har alle eit ansvar for miljøet vårt. Både lokalt og globalt. Det er på det reine at fossile energikjelder må vike om me skal klare å bringe jorda vår vidare i god stand til dei neste generasjonane. Vindkraft er heilt klart eit viktig middel for å klare det. Vindkraft er fornybar energi, og ei kraftkjelde som aldri går tom.
Les meir om vårt lokale engasjement her.
Berekraftig utvikling
For å få til ei berekraftig utvikling med vindparkar må me også væra viljuge til å gjera nokre grep for at ei slik utbygging kan gjennomførast. Me ser likevel vinsten som langt større: Me har etablert ein vindpark på Midtfjellet som er konsentrert og godt utnytta arealmesseg, og me har fått ein infrastruktur som gjer fjellet tilgjengeleg for nye brukargrupper.
Og ikkje minst, me bidreg til at våre etterkommarar kan arva ei reinare jord. Som leverandør av fornybar energi utgjer me ein forskjell!
Openheitslova
Midtfjellet Vindkraft AS sitt arbeid med menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
For Midtfjellet Vindkraft er berekraft i sentrum av det me arbeider med, og det skal speglast i alt me gjer. For oss er sosial berekraft er ein føresetnad for berekraftig drift.
Midtfjellet Vindkraft er omfatta av openheitslova, som tredde i kraft 1. juli 2022. Det inneber mellom anna at Midtfjellet Vindkraft har gjennomført aktsemdsvurderingar om påverknaden vår på menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve.
Arbeid med aktsemdsvurderingar er ein kontinuerleg prosess, og målsetjinga til Midtfjellet er reell forbetring i vår eiga verksemd og i leverandørkjeda vår. Som eit ledd i dette arbeidet har me utarbeidd Code of Conduct for selskapet vårt og Code of Conduct for våre forretningspartnarar.
Dersom du har spørsmål eller førespurnader knytt til openheitslova kan du kontakta oss på aapenhet@midtfjellet.no.