Korleis samarbeidar dykk med lokalsamfunnet?

Midtfjellet Vindkraft AS har hatt eit svært godt samarbeid med lokalsamfunnet og eit sterkt lokalt engasjement.

Les meir

Dei siste åra har me bidratt med tilskot til aktivitetar for skulekorps, idrettslag, kyrkje, skole og barnehagar, revy, teaterlag og seniorsenter. Årleg sponsar me nærmiljøet med om lag 400 000 kroner.

Som ei framtidsretta bedrift med fokus på miljø, er det viktig for oss å bruka lokale tenester og samarbeidspartnarar frå Fitjar og i Sunnhordland. Med utbygging av framifrå infrastruktur av vegar er òg fjellområda gjort tilgjengeleg for fleire, og gjennom mellom anna den årleg Midtfjelletdagen har me vist at vindkraft kan byggast ut og naturen kan bli tatt i bruk til det beste for lokalsamfunnet.

Midtfjellet Vindpark blir òg nytta til undervisningsformål av universitet og er brukt av studentar, stipendiatar og forskarar.

Kven eig fjellområdet?

Midtfjellet er eigd av Fitjar Fjellsameige og einskilde, lokale grunneigarar.

Les meir

Me leiger området i konsesjonsperioden og grunneigarane får betalt leige basert på innteninga frå vindkrafta.

Kven eig Midtfjellet Vindkraft AS?

Våre eigarar er Fitjar Kraftlag saman med tre finansielle investorar som vert forvalta av eit av Europa sitt mest kompetente selskap på fornybar energi, Aquila Capital.

Les meir

Midtfjellet Vindpark AS har ei god lokal forankring med Fitjar Kraftlag på eigarsida og i selskapet sitt styre. Våre største eigarar er tre finansielle investorar som vert forvalta av eit av Europa sitt mest kompetente selskap på fornybar energi, Aquila Capital. Dei har vist stor interesse for lokalsamfunnet og vore ein viktig bidragsytar til fleire prosjekt til gode for befolkninga.

Kor store inntekter gir Midtfjellet Vindkraft AS til lokalsamfunnet?

Midtfjellet Vindkraft AS legg igjen om lag 20 millionar kroner i lokalsamfunnet kvart år i form av eigedomsskatt, inntektsskatt, sponsormidler, leige av areal og bygningar med meir.

Les meir

På Midtfjellet har me vist at det er mogleg å kombinere fornybar energi med vekstmoglegheiter for lokalt næringsverksemd, arbeidsplassar og skatteinntekter til lokalsamfunnet. I og rundt vindparken skapast det også kvart år store verdiar.

Eigendomskatten me betaler er ei frivillig avtale på sju promille av investert beløp. Dette åleine utgjer omlag 11 millionar kroner årleg som kan gå tilbake til viktige oppgåver som barnehagar, skule, sjukeheimplasser og andre gode formål.

Midtfjellet Vindkraft har to faste tilsette, der ein av desse sit i Fitjar. I tillegg har me avtale med Nordex, som med sine 11 lokale tilsette årleg utfører drift og vedlikehald av vindturbinane. Kvar og ein av desse bidrar med skatteinntekter til Fitjar og Stord kommune. Midtfjellet Vindkraft AS leigar òg fast inn to lokale tilsette og fleire ved behov.

Når det blåser mindre og turbinane ikkje går for fullt gjennom våren og sommaren, leiger me inn inn ytterligare spesialkompetanse til for eksempel vingeinspeksjon, heiskontroll osv.

Då er det godt over 20 personar i aktivitet her på Midtfjellet. Det kjem ikkje berre selskapa sjølve til gode – men gjer òg vinst til overnattingsstader, restaurantar, dei som driv butikk, folk som køyrer taxi, og anna serviceverksemd i lokalsamfunnet.

Lokale entreprenører og leverandører har vært viktig for å byggje ut parken og ein framifrå infrastruktur rundt parken.

Samtidig har grunneigarar på Midtfjellet biinntekter frå vindkrafta. Årleg betaler me ut leige basert på innteninga frå vindkrafta. I tillegg har grunneigarane fått utbetalt ein eingongskompensasjon for at me har bygd ut vindkraft på eigendomen deira.

Er vindkraft på land økonomisk lønnsamt?

Ja, vindkraft på land er ein lønnsam verdiskapar utan støtteordningar.

Les meir

Nye vindkraftanlegg har svært avansert teknologi og gjev forteneste utan støtte gjennom elsertifikatordningen, eller andre formar for støtte. Det betyr at det no kan vera grunnlag for skattlegging av vindkraftanlegg slik at vertskommunar er garanterte inntekt frå vindkraftanlegget.

Vindkraft har mottatt støtte gjennom såkalla el-sertifikater. Dette vart vedtatt i Stortinget i 2011, og siste moglegheit for å falla inn under ordninga er 2021. Ingen vindparkar som er ferdig bygd etter 2021 vil vera ein del av støtteordninga.

Midtfjellet Vindkraft AS er berettiget til å få støtte frå elsertifikatordningen for byggetrinn 2 og 3. For byggetrinn 1 fekk Midtfjellet Vindkraft AS støtte frå Enova på omlag 334 millionar kroner. Støtten Midtfjellet Vindkraft AS får gjennom elsertifikatordningen er i praksis avgrensa.

Korleis legg de til rette for friluftsliv i fjellet?

Utbygginga av vindkraft på Midtfjellet har opna opp fjellet for lokalbefolkninga.

Les meir

God infrastruktur i området gjer tilgjengeligheten for fotturar og løping, sykkelturar, motbakkeløp, orientering, skiturar, jakt, fiske, camping og mykje meir. I tillegg er vindparken i seg sjølv tiltrekkjande for publikum. Det har gjennom nokre år vorte etablerte eit godt samarbeid med kommunen, grunneigarar, idrettslag og andre i lokalsamfunnet.

Midtfjellet Vindpark har saman med andre aktørar sett i gang ei rekke populære tiltak:

  • Midtfjellet Vindpark arrangerer guidede turer for sykehjem, barnehager, universiteter, skoler og andre institusjonar, i tillegg til bedrifter og politikarar. Om lag 17 000 besøkjande sidan oppstarten.
  • Endra status gjennom reguleringsendring på 2,5 km tilførselsveg (frå fylkesvegen til vindparken) til offentleg veg slik at det er enkelt for fleire å komme til turområda på Midtfjellet.
  • Opparbeide ein parkeringsplass for 100–150 bilar ved inngangen til vindparken som gjer enkel bruk av området mogleg.
  • Har anskaffa køyretøy og utstyr for sporsetting til skigåing og redningsarbeid i fjella.
  • Organisert årleg Midtfjelletdag og årleg halvmaratonløp saman med Fitjar Idrettslag. Dette er to dagar med folkefest, turmarsj, orientering, motbakkeløp, halvmaraton og andre distanseløp. Her er det aktiviteter som også er av nasjonal interesse.
  • Grunneigarane har fått betre tilgang til areala sine og har opparbeidd areal for dyrking i bandlagt område. Grunneigarane er godt i gang med vidare planar for området.
  • Midtfjellet Vindkraft har restaurert fleire hyttar i vindparken som er til utlån for lokalsamfunnet.
  • Samen med Stord og Fitjar Turlag (turistforeiningane), Fitjar kommune og andre lokale aktørar har me etablert en 2,5 km lysløype som går ut frå parkeringsplassen, samt ein gapahuk for friluftsliv.

Blir det ikkje mykje støy frå turbinane?

Støy til bebyggelse varierer frå 36 desibel ved Fitjarstølen til 44–45 ved Hovland.

Les meir

Støy til boliger varierer fra 36 desibel til 44–45 i et begrenset område. Anbefalt grense er 45 desibel. Vi har gjennomført flere støymålinger rundt vindparken, som viser stabile målinger under anbefalt nivå.

Korleis skal de syte for å setja naturen tilbake i stand?

Midtfjellet har god erfaring med å setja naturen tilbake i opphavleg stand med teknologi som fortel nøyaktig korleis topologien var før bygginga starta.

Les meir

Eit av vilkåra for konsesjonen er at Midtfjellet Vindkraft AS i det tolvte driftsåret skal byrja å setja av pengar til demonteringen av turbinane og tilbakeføring av fundament, vegar og oppstillingsplassar i naturen.

Me veit at me tar naturen i bruk, men har den berre til lån. Difor har me syta for å prosjektere anlegget så skånsamt så mogleg, slik at me kan gje naturen tilbake med minst mulig fotavtrykk til neste generasjon. Frå før me starta utbygging av vindparken har me elektronisk lagra data som kan lastast inn i gravemaskiner som visar eksakt korleis topologien var før installasjonen av turbinane starta. Me har erfaring med slik tilbakeføring. Mellom anna har me satt ein 180 meter lang vei tilbake til naturen slik området såg ut før vegen blei etablert.

Kva skal de gjere med vindturbinane når dei vert demontert?

Turbinane skal resirkulerast.

Les meir

Det tek to dagar å ta ned ein turbin og få denne køyrt ned til Kværner sin base på Eldøyane på Stord for demolering. Deretter vert dei sendt til resirkulering.

Kor stort er området som vert nytta til vindkraft?

Området i Midtfjellet som er regulert til vindkraft er om lag 8000 mål. Innanfor dette området er 4–5 prosent nytta til vegar, oppstillingsplassar og trafostasjon.

Kvifor treng me fornybar energi?

Fornybar energi vil vera avgjerande for å stoppe klimakrisa.

Les meir

Ekstremvêr, flaum og tørke rammar oss globalt, men òg her i Noreg. Dei siste åra har me opplevd både tørkesomre og sett korleis kraftige regnskyll skaper flaum, oversvømmelse, ras og skred i både by og bygd. 

FNs klimapanel viser at skilnaden på 1,5 og 2 grader oppvarming er stor og alvorleg for økosystem, folk og samfunn over heile verda. FNs klimapanel har konkludert med at verda må omstilla seg betydeleg for å unngå alvorlege følgje for natur, miljø og samfunn.

Det finst ingen enkel løysing på klimakrisen. Men skal me lykkast, veit me at fornybare energikjelder vil vera heilt vesentleg. Klimagassutsleppa frå menneskeleg aktivitet har allereie ført til ein temperatur på 1 grad celsius. 70 prosent av utsleppa kjem frå forbrenning av fossile brensel. For å løysa klimakrisa, må fornybar energi erstatta fossile energikjelder.

Kor mykje meir fornybar kraft treng vi?

Me treng opptil 70 % meir fornybar kraft.

Les meir

I Noreg har me allereie mykje vasskraft. Men i industrien og i transportsektoren bruker me i Noreg mykje olje og gass. Framleis er rundt halvparten av den primære energibruka vår fossil. Når vi i åra som kjem skal redusere utsleppa frå fossile energikjelder, treng me meir fornybar kraft. Både vatn, vind og sol.

I dag produserer me i Noreg rundt 156 TWh fornybar kraft. For å elektrifisera bygg og næring, industri og transport, vil me ifølgje Statnett ha bruk for mellom 20 til 40 prosent meir kraft. Skal me få òg skip, luftfart og petroleumssektoren over på fornybar straum, må produksjonen av fornybar kraft auka med opptil 70 prosent.

EUs klimamål er å kutta klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030 (samanlikna med 1990-nivå). Noreg har forplikta seg til 55 prosent kutt i sektorane transport, bygg, jordbruk og avfall innan 2030. Men både i EU og Noreg er det god grunn til å forventa at måla vil bli skjerpt.

Kvifor kan me ikkje flytta vindparkane til havs?

Det er framleis langt fram til flytande havvind vil verte lønnsamt.

Les meir

Skal me erstatta olje og gass i Noreg med fornybar kraft, treng me all den krafta me kan få frå både vind, vatn og sol. Vindkraft på land har eit stort utbyggingspotensial i Noreg og har i seinare år vist seg å vera særs konkurransedyktig i forhold til anna energiproduksjon.

Havvind vil etterkvart kunna bli eit godt supplement til vindkraft på land, men det er framleis eit stykke igjen før me kan produsere nok energi frå havvind til ein konkurransedykig pris.

Kvifor kan me ikkje berre oppgradera vasskrafta?

I Noreg har me alle moglegheiter til å lukkast med det grøne skiftet, men då er det viktig at me ikkje set det eine opp mot det andre. Då treng me all den fornybare krafta me kan få, frå både sol, vind og vatn.

Les meir

Me treng nemleg opptil 70 prosent meir fornybar kraft for å få bygg og næring, industri og transport, skip, luftfart og petroleumssektoren over på fornybar straum.