Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Midtfjelletdagen 2014 – ein suksess!

Me er stolte og svært takksame for det gode oppmøtet.

16.september 2014, KL 14:38

600 -700 personar valgte å ta turen til fjells då Midtfjelletdagen gjekk av stabelen 30.august i år. For oss i arrangementskomiteen var det kjekt å sjå så mange blide ansikt og engasjerte deltakarar på Midtfjellet. Programmet passa for både liten og stor med alt frå turmarsj til orienteringsløp og motbakkeløp. Dåp av turbin B12, som fekk namnet «Agnar» etter tidlegare Fitjar-ordførar Agnar Aarskog sette ein ekstra spiss på arrangementet. Ja, det mangla ikkje på tilbod i Midtfjellet denne dagen.

Her er våre minner frå dagen.

 

 

Målet for dagen var å visa folk kva moglegheitar som finst i Midtfjellet. Med vindparken har Fitjar mista ein del urørt natur, men for friluftslivet er det ikkje berre tap. Nye område er blitt tilgjengelege for ny bruk og me håpar Midtfjelletdagen gir inspirasjon og idear til vidare bruk av fjellet.

Takk til alle som bidrog til å gjera Midtfjelletdagen 2014 til ein suksess. Ein spesiell takk vil me retta til Fitjar Idrettslag med Ole Bergesen i spissen. Ein solid samarbeidspartnar.