Brannårsaka er enda ikkje stadfesta, men det byrjar å kome fram teoriar. Før endelig årsak kan stadfestast må turbinen inspiserast. Nordex sine spesialistar er komne til Midtfjellet. Måndag kjem kran og anna nødvendig utstyr til staden slik at arbeidet ved turbinen kan starta. Det er berre personell med spesialkompetanse som no kan gå inn i turbinane for å foreta fotografering og filming. Politi, forsikringsselskap og SP Fire Research (Midtfjellet– fagspesialist) er informert om denne situasjonen og deltar etter behov. Framdrifta for denne aktiviteten er veldig vêravhengig, då det må vera relativt lite vind for at ein skal kunna utføra dette arbeidet .
Dei andre 43 turbinane vert grundig sjekka både visuell og teknisk. Me hadde håp om å starta dei første turbinane igjen i byrjinga av denne veka, men har vald å gjennomføra inspeksjon av alle turbinane før nokon vert starta opp. Om det vert avdekka feil eller manglar ved nokre av turbinane vil dette verta registrert og rapportert. Skulle ein finna noko som trugar helse miljø eller sikkerhet vil dette verta utbetra snarast, og før ein set i gong turbinane att. Slik ein ser det i dag vil oppstart av turbinane kunne skje om ca. 2 veker.
Så snart me får meir informasjon om brannårsaka vil me informera om dette på vår heimeside. Me vil også gi informasjon om kvifor me meiner det er sikkert å setja vindparken i drift att, før dette vert gjort.