Laurdag 12.september gjentek me suksessen frå i fjor og arrangerer aktivitetsdag for store om små på Midtfjellet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Midtfjellet Vindkraft AS og Fitjar Idrettslag.
I fjor tok mellom 600 – 700 personar turen til fjells og me håpar og trur på like godt oppmøte i år. Programmet for årets arrangement er under utarbeiding og vil bli lagt ut på facebooksida så snart det er klart. Me kan lova mange spennande aktivitetar for både liten og stor, så sett av tid laurdag 12.september.
Her får du ein liten smakebit for kva du kan venta deg frå arrangementet. Bli med!