Ein park for alle
Midtfjellet Vindpark
Med sine 55 vindturbinar er Midtfjellet Vindpark ein av dei største i sitt slag i Noreg. Den representerer det nyaste innan vindturbinteknologi, og ved å plassere turbinane i nærleiken av kvarandre har me oppnådd klare stordriftsfordelar i form av infrastruktur, drift og vedlikehald. I tillegg er fjellet no tilgjengeleg for rørslehemma og andre som ikkje har hatt moglegheit til å komma seg til fjells tidlegare. Vegar i området er tilrettelagt for sport og friluftsliv på ein ny og spennande måte. Me ynskjer deg velkommen som brukar av området året rundt!
Omvisning
Ta teknologien og naturen i augesyn
Me i har sidan byggestart hatt guida turar for omlag 17 000 personar. Målsetnaden med dei guida turane er å visa kva me har fått til, me ynskjer å fortelje korleis dei 55 vindturbinane produserer miljøvenleg straum, og me vil visa at dette no er eit område som ligg betre til rette for allmenn bruk enn nokon gong før. Ynskjer du å vita meir om våre guida turar? Ta kontakt på post@midtfjellet.no, og me skal svara deg så raskt som mogleg.
Teknisk
Kvalitet i alle ledd
Ein moderne vindpark set klare krav til kvalitet i alle ledd. Utgangspunktet for ein optimalisert vindpark er vindberekningar og rett plassering av turbinar i forhold til vindforhold. I tillegg må ein velja rett turbin i dei ulike turbinpunkta. Dette inkluderer høgde, rotordiameter osv. Våre turbinar utnyttar ca. 55% av energien i vinden. Rotorarealet til vår største turbin dekker eit areal på 10746 kvm (ein internasjonal fotballbane er 7140 kvm). Hastigheit på vingetuppen er ca. 300 km/t. Det elektriske anlegget i vindparken er optimalisert for å begrensa dei elektriske tapa til eit minimum.
Tekniske informasjon:
- Årlig produksjon 433,7 GWh
- 34 vindturbiner av typen N90, 2500kW
- 10 vindturbiner av typen N100, 2500kW
- 11 vindturbinar av typen N117, 3600kW
- 150 km høyspenningskabler
- 34 kV koblingsanlegg
- Hovedtransformator (Fase I & II) 300/34kV, 130 MW
- Hovedtransformator (Fase III) 300/66/34 kV, 100MW
- 300kV koblingsanlegg
- 10 km 300 kV høyspenningslinje til Børtveit, 800 MVA
- Ca. 30 km vei
- Fundament forankra til fjell
Ingen tvil om at dette er ein vindpark som blir lagt merke til og som leverer kvalitet i alle ledd!
Les meir om vindturbinar på www.vindinfo.no under Teknologi.
HMS
Ein trygg arbeidsplass
For oss i Midtfjellet Vindkraft skal drifta aldri gå på kostnad av helse, miljø og sikkerhet. Nullvisjon for uhell og ulukker vil alltid ligga til grunn for vår daglege drift, og målsetnaden er at Midtfjellet Vindkraft alltid skal væra ein trygg og god arbeidsplass.
Helse, miljø og sikkerhet må komme først
- Midtfjellet Vindkraft AS får inn mange gode forslag til bruk av Midtfjellet, men ikkje alle kan godtas
- 300 meter sikkerhetssone for Iskast ved nedbør og temperatur rundt 0 grader
- Oppmerksam på motorisert ferdsel, fartsgrense 40 km/t