10. august 2018 vart Fase III satt i kommersiell drift
22. juni 2018
Søndag 17. juni var alle 11 turbinane i Fase III ferdig montert. Spesialtransporten i Midtfjellet er no ferdig. Det vert ein del lastebiltransport og anna trafikk framover.
Det er framleis eit anleggsområde i Midtfjellet, så vi varsemd!
29. mai 2018
Fredag 25. Mai produserte Fase 3 prosjektet sin første kWh
3. april 2018
Spesialtransport frå Eldøyane til Midtfjellet startar i dag. Transport av tårn og vengjer er venta i midten av april.
13. mars 2018
Framover vert det mykje aktivitet i Midtfjellet. Vis varsemd når dykk ferdast i Midtfjellet. Ha på godt synlege klede. Det er refleksvestar tilgjengeleg for lån ved Olstjødna. Hald god avstand til anleggsarbeid, minimum 300 meter.
Stangeland klargjer vegane for transport. Dei brøyter snø, ryddar grøfter og ferdigstiller vegar og kranoppstillingsplassar.
Hovudkran er venta transportert over påske.
Frå og med 3. april vert turbin komponentane transportert frå Eldøyane. Tilkomstvegen frå Fv545 og opp til parkeringsplassen vert stengd i korte periodar under transport.
21. februar 2018
11 nye turbinar på veg til Midtfjellet
Fundamenta til de 11 nye er ferdig stilte. Turbinkomponentane vert i disse dagar levert på Eldøyane. Der vil det vera komplett lager i midten av mars. Spesialtransport av turbinane startar i April. Turbinane vert montert frå April til Oktober.
Trykk på den grønne knappen “Møllene” på kartet for å få opp vindturbin-posisjonar.
[add_map]
[nedlasting filurl=”https://midtfjellet.no/wp-content/uploads/2017/05/Oversiktskart_Midtfjellet.jpg” filid=”909″]
Kontaktpersonar
Byggeleder Midtfjellet Lars Helge Landa Tlf.: 91 79 38 55
Prosjektleder Midtfjellet Erik Mortensen Tlf.: 91 87 17 92
Nødnummer
For meir informasjon om utbygginga, les vår informasjonsside.