Pressemelding:
Sunnhordland kraftlag (SKL) har kjøpt vindkraftanlegget i Fitjar kommune saman med Fitjar kraftlag. Selskapa kjøper seg opp til høvesvis 95 og 5 prosent av Midtfjellet Vindkraft frå fond som vert forvalta av det tyske investeringsselskapet Aquila Capital.
Med kjøpet aukar SKL sin produksjon av fornybar energi med nesten 15 prosent, frå 2,8 til 3,2 terrawatt timer (TWh).
– Midtfjellet Vindkraft er eit svært veldrive anlegg med tanke på kvalitet, tryggleik og samarbeid med lokale grunneigarar, organisasjonar og innbyggjarar. Med vindkrafta frå Midtfjellet aukar me eigarskapen i kraftproduksjon og verdiskapinga til våre lokale, offentlege eigarar. Geografisk ligg anlegget så sentralt for SKL som det er mogleg å få det, og me har lenge ønskt å eiga det. Dette er ein merkedag for SKL, lokalsamfunnet og regionen. seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
– Lokalt eigarskap er viktig for oss. Difor er me glade for at Fitjar kraftlag aukar vår eigarandel i Midtfjellet Vindkraft, og at SKL er dei me skal eiga saman med, seier Agnar Aarskog, styreleiar i Fitjar kraftlag.
Erik Mortensen har vore dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft sidan 2013 og held fram i den rolla.
– Vindkraftprosjekt er avhengige av ansvarlege eigarar og investorar som arbeider langsiktig. Det er Aquila Capital, SKL og Fitjar Kraftlag alle eksempel på. Me ser fram til å halda fram arbeidet med å produsera mest mogeleg fornybar energi på Midtfjellet i samarbeid med lokalsamfunn, grunneigarar, kommunen og andre samarbeidspartnarar, seier Mortensen.
Av dei best drivne vindkraftanlegga i Noreg
Midtfellet Vindkraft ligg i Fitjar kommune i prisområde NO2. Anlegget består av 55 turbinar som vart sett i drift i 2013 og 2018. Den samla installerte effekten er på 150 megawatt (MW), og anlegget produserer rundt 420 gigawatt-timer (GWh) årleg. Det er om lag det same som alle 60 000 innbyggjarane i Sunnhordland bruker i løpet av eitt år.
– Anlegget er eit godt drive vindkraftverk. Det har tre erfarne og dyktige faste tilsette, som har sytt for at anlegget har høg oppetid, og at det har vore svært godt halde ved like, seier Mjånes.
Området er blitt gjort lettare tilgjengeleg for mange og det er no eit mykje brukt turområde til alle årstider.
– Midtfjellet vindkraft har òg investert mykje i lokalsamfunnet gjennom samarbeid med lokale aktørar om aktivitetar og infrastruktur, og støtte til lag og organisasjonar. Dette er svært positivt for lokalsamfunnet, og er noko me skal halda fram med som tidlegare, fortel Mjånes.
Skal auka produksjonen av fornybar energi – også frå vind
Med kjøpet av Midtfjellet Vindkraft styrkar SKL kraftproduksjonen og drifta i selskapet.
– SKL er opptatt av langsiktig eigarskap. Dette kjøpet er eit stort og viktig steg vidare for å nå målet vårt om å auka produksjonen til 4 TWh. Det er delte meiningar om vind, men me trur det finst gode prosjekt som gir ny energi og samtidig tar omsyn til natur, miljø og lokale interesser. Med Midtfjellet Vindkraft byggjer me ny kunnskap som gir oss eit solid grunnlag for å veksa vidare. Det skal me gjera i tett samarbeid med kommunar, grunneigarar og andre lokale interesser. Noreg treng meir fornybar energi og me skal bidra til det, seier Mjånes.
Kjøpet av Midtfjellet Vindkraft avheng av godkjenning hos Konkurransetilsynet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Transaksjonen inneber ein samla verdi på Midtfjellet Vindkraft (100%), utan gjeld, på 131,4 millionar euro.
Sunnhordland kraftlag AS
- Offentleg eigd kraftprodusent skipa i 1946 med 63 tilsette
- Eigarar: Haugaland kraft (59,7%), Eviny (38,2%) og Stord kommune (2,1%)
- Hovudkontoret er på Stord, med driftsavdelingar i Kvinnherad og Etne
- Driftar 39 heil- og deleigde vasskraftverk, i tillegg til eigardel i Sima, Ulla Førre og Saudefaldene
- Midlare produksjon i heleigde, deleigde og tilknytta selskap er 2,8 GWh årleg
Fitjar kraftlag SA
- Skipa i 1935 med 8 tilsette
- Samvirkelag – 100 % eigd av medlemmar
- Administrasjonsbygget er i Årskog på Fitjar
- Eig og driftar fibernett på Fitjar, har kraftomsetting og vannkraftproduksjon
- Eigardel i Haugaland Kraft AS (3,6 %) og Midtfjellet Vindkraft AS (aukar frå 3,35 % til 5 %)