Pressekontakt
Erik Mortensen
Dagleg leiar
tlf. +47 918 71 792
epost: em@midtfjellet.no
Grafisk profil
Vår grafiske handbok sikrar at alle som lagar kommunikasjon og reklame på vegne av selskapet gjer det ut i frå dei same grafiske reglane. Slik sikrar handboka at den grafiske profilen vert nytta på rette måten. Handboka inneheld generelle reglar for logobruk, fargar, typografi og dekorelement, samt konkrete eksempel på malar for ulikt materiale.
Ved konsekvent bruk av retningslinjene i denne handboka byggjer me ein sterk identitet for selskapet vårt
Logo
For å halda ved like og styrkja merkjevara Midtfjellet Vindkraft, må logoen brukast i samsvar med gjeldande retningslinjer. Sjå s. 3, 4 og 5 i profilhandboka for konsekvent og rett bruk av logo i alle kanalar.
Slagord
Sjå s. 6 i profilhandboka for konsekvent og rett bruk av slagord.
Bildebank
Me har eit lite arkiv med bilete tilgjengeleg for pressebruk. Du kan laste dei ned frå denne sida. Bileta kan nyttast fritt mot å kreditere fotograf Elisabeth Tønnesen (Panoramabilete – Stein Erik Gilje).