Me trives best i opne landskap
Det har alltid vore vindfullt på Midtfjellet. Det opne landskapet gir gode vilkår for energiutnytting frå alle vindretningar. Det var dette som låg til grunn for ideen om ein vindpark i fjellet. Vind er ein fornybar energiressurs som gjev straum til tusenvis av heimar og verksemder utan skadelege miljøutslepp av CO2 og NOx i lokalmiljøet.
Vindparken
Vindparken tel i dag 55 vindturbinar. Desse produserer årleg rundt 433,7 GWh. Det gjev nok energi til om lag 25 000 husstandar, eller sagt på ein annan måte, nok straum til meir enn heile Sunnhordland. Omlag 80 000 innbyggjarar. Det er me stolte av!
Eigarskap med sterk lokal forankring
Midtfjellet Vindkraft AS har en sterk lokal forankring. Me leigar grunn frå lokale grunneigarar som får betalt leie basert på kraftverkets inntening, og me har hovudkontor her på Fitjar. I selskapet har me to faste tilsette. I tillegg har me avtale med Nordex, som med sine 11 lokale tilsette årleg utfører drift og vedlikehald av vindturbinane. Kvar og ein av desse bidrar med skatteinntekter til Fitjar og Stord kommune. Midtfjellet Vindkraft AS leigar òg fast inn to lokale tilsette og fleire ved behov.
Midtfjellet Vindpark AS har god lokal forankring. Sunnhordland Kraftlag (SKL) eig vindkraftanlegget saman med Fitjar Kraftlag. Selskapa eig høvesvis 95 og 5 prosent av Midtfjellet Vindkraft.
Velkommen
Den informasjonen du no har fått er berre smakebitar om oss og det me skapar. På denne nettstaden finn du også mykje annan informasjon. Om vind, miljø, teknologi og lokalt engasjement. Og om korleis du kan nytta det flotte området som er tilrettelagd for folk i alle aldre rundt vindparken.
Velkommen!