Forrige laurdag vart Midtfjelletdagen arrangert for sjette året på rad. Vêret var nydeleg denne dagen, og dette skapte ei flott ramme for gode idrettsprestasjonar, leik og moro.
Arrangementet såg dagens lys i 2014, og er eit samarbeid mellom Fitjar Idrettslag og Midtfjellet Vindkraft. Me ser at det no for alvor byrjar å bli ein tradisjon for det var svært mange som hadde tatt turen til fjells denne laurdagen.
297 moh ved mølle B12 var det eit yrande folkeliv. Det er kjekt å sjå at lokalbefolkninga bidreg til at ein får den folkefesten som ein ynskjer. Her vart det servert gratis pølser og kaker, og i år som tidlegare år, vart det arrangert ei rekkje leikar og aktivitetar for både store og små.
Orienteringsløpet «Møllesprinten» og motbakkebakkeløpet «Først til mølla» har vorte prestisjetunge løp, med knalltøffe idrettsprestasjonar. I år var det Torstein Tengsareid frå Skjalg IL som drog i land sigeren i herreklassen. Tida vart 19:29, som er eit stykke bak løyperekorden på 19:04, som VM-klare Tom Erling Kårbø sette i fjor. I kvinneklassen vart det Anita Iversen Lilleskare som tok sigeren med 23:14. Av andre lokale som er verdt å nemna, er det Fitjar IL sin eigne unge lovande Halvor Livastøl Aga (14), som satte fitjarrekord på 24:14. I orienteringsløpet «Møllesprinten» var det totalt bortimot 100 påmelde i alle klassar.
Til slutt vil me takka vår samarbeidspart Fitjar Idrettslag for eit utmerka arrangement, og våre sponsorar Aquila Capital og Nordex Acciona Windpower.
Du finn meir informasjon om arrangementet her.