Om lag 600 personar trassa den sterke vinden og kom opp til fjells for å delta på arrangementet, som er eit samarbeid mellom Midtfjellet Vindkraft og Fitjar Idrettslag.
På programmet hadde me orienteringsløp, motbakkeløp, turmarsj, stands, mat og underhaldning. I tillegg valde fleire av dei politiske partia å ta turen til Midtfjellet denne dagen. Mellom slitne løparar og blide turgåarar dukka det opp ein heilt spesiell kar. Vår eigen superhelt Mr. Vind Miller. Han kom ut frå mølle B12, poserte og gjorde akrobatikk, til stor jubel frå store og små,
Målet med dette arrangementet er å få flest mogeleg til fjells, på ein eller anna måte. Difor vart det også sett opp bussar, for dei som verken vil gå eller springa. I tillegg vart det sett eit par bussar på toppen, som varmestove og vindskjold. Slik vert arrangementet tilgjengeleg for alle uansett helse og alder.
Med denne vesle filmsnutten vil me takka alle som var med på å gjera Midtfjelletdagen 2015 til nok ein folkefest.