Me nyttar
Skal me lukkast med det grøne skiftet, trenger me meir klimavennlig energiproduksjon framover. Landbasert, moderne vindkraft er lønsam og kan bidra både til skatteinntekter, verdiskaping og fleire jobbar.
Les spørsmål og svar om verdiskaping
Som ei framtidsretta bedrift med fokus på miljø, er det viktig for oss å bruka lokale tenester og samarbeidspartnarar på Fitjar og i Sunnhordland. På den måten kan me bidra til å styrke næringsutviklinga både i kommunen og i regionen, og skape gode ringverknader. Fitjar er ein vakker kommune i utvikling, og Sunnhordland er ein framgangsrik kompetanseregion.
Me gjev tilbake
I Midtfjellet Vindkraft er me ein sterk bidragsytar til verdiskaping og inntekter til lokalsamfunnet. Kvart år legg me igjen omlag 20 millionar kroner til lokalsamfunnet i form av eigedomsskatt, inntektsskatt, sponsormidler, leige av bygningar med meir.
Eigedomskatten me betaler er ei frivillig avtale på 7 promille av investert beløp. Dette åleine utgjer omlag 11 millionar kroner årleg som kan gå tilbake til viktige oppgåver som barnehagar, skule, sjukeheimplasser og andre gode formål.
Lokale entreprenører og leverandører har vært viktig for å byggje ut parken og ein framifrå infrastruktur rundt parken.
Når det blåser mindre og turbinane ikkje går for fullt gjennom våren og sommaren, leiger me inn inn ytterligare spesialkompetanse til for eksempel vingeinspeksjon, heiskontroll osv.
Aktiviteten på Midtfjellet har store ringvirkninger gjer vinst til overnattingsstader, restaurantar, dei som driv butikk, folk som køyrer taxi, og anna serviceverksemd i lokalsamfunnet.
Omstillinga til meir effektivt og klimavenlig energiproduksjon er krevjande. På Midtfjellet har me vist at det er mogleg å kombinere fornybar energi med vekstmoglegheiter for lokalt næringsverksemd, arbeidsplassar og skatteinntekter til lokalsamfunnet.