I lengre tid har me hatt sol frå skyfri himmel, mange minusgrader og fin snø som knepper tørr og lett under skia. Fitjarfjellet har blitt det reine vinterparadis. Me brøytar og preparer løypene og prøver å legge til rette for bruk av fjellet. Då er det svært gledelig å sjå kor mange som nyttar seg av dei gode skiforholda på Midtfjellet om dagen.
Mange tek seg ein treningstur rundt Olstjødno i den preparerte lysløypa vår, andre tek turen til Kjerringa eller til Fitjarhesten, som med sine 678 moh er det høgaste punktet i Fitjar kommune. Me ser også imponerande mange på langtur over fjellet, frå Fitjar til Stord.
Hilde Kråkenes Engelsen og Wenke Åse er to gode venniner som benytta seg av skiforholda i Fitjarfjellet i helga. Dei tok turen frå Stord til Fitjar på morgonkvisten, sette bilen på parkeringsplassen ved Olstjødno og spende på seg skia med Fitjarhesten som turmål.
– Eg var ikkje sein om å takka ja når Wenke meldte meg og spurde om å vera med til Fitjarhesten i helga, seier Hilde. Me starta ut ca. Kl. 09.00 i bitande kulde, men når me kom opp i sola var det flott.
Dei to venninene brukte ca. 2 t opp til Fitjarhesten. Det var vel friskt for ei rast på toppen, så dei fann seg ein lun rasteplass på returen, rett før Svartavatnet.
– Eg trur da må ha vert reine folkevandringa til fjells i helga. Det kom lange rekker med store og små innover mot «Hesten», både Stordafolk og Fitjarfolk, fortel Wenke. På Svartavatnet talde eg ca. 45 personar på veg i ei eller anna retning. Ved Kjerringjo satt folk og rasta i alle krinklar og krokar, og alle me traff var glade og smilte som soler.
Me har vert så heldige å få låna nokre bileter av dei spreke damene. Her ser me Fitjarfjellet i sin flottaste prakt. Det er rett og slett eit vinterparadis.
Foto Hilde Kråkenes Engelsen