Brannårsak
Det er i skrivande stund ikkje mogleg å seie noko om brannårsaka. Når turbinen er sikra og åstadgransking kan byrje vil fylgjande skje samtidig:
- Politiet vil delta med eigen sakkyndig og teknikar frå politiet.
- Midtfjellet Vindkraft vil delta saman med vår leverandør SP Fire Research.
- Nordex vil delta.
Det vil ta noko tid å finne brannårsaka. Når den er kjend vil Midtfjellet leggja denne ut på vår heimeside.
Oljeutslepp
Det har vært eit lite utslepp av olje frå turbinen. Noko olje har renne ned langs tårnet og samla seg i en dam oppe på fundamentet samt noko areal ved fundamentet (fundamentet ligger langt ut frå turbinen under grusen). Risikoanalyser for arbeide med oljeutslepp er utarbeida og Midtfjellet Vindkraft har hatt absorberende masse over oljen. Det blei skifta ut 3,8 kubikk masse som ble sendt til SIM og analysert av Hardanger Miljøsenter AS.
Brannvesen, fylkesmann, Fitjar kommune og NVE er informert om hendinga.
Totalt sett er det litt over 500 liter olje i turbinen. Deler av oljen er brent, oljelekkasje innvendig i tårnet som evt. finnes innvendig i botnseksjonen vil ikkje lekkje ut.
Nedanfor finnes type og mengde av olje i den skadde turbinen:
- Gearbox ( eickhoff ) SHC XMP 320 = 400 l
- Hydraulik Shell Tellus Artic 32 = 22 l
- Azi Gearbox Mobil SHC 629 = 88 l
- Pitch Gearbox Mobil SHC 629 = 30 l
- Mainbearing SHC 460 WT = 2,6 kg
- Gleitmo = 3,0 kg
- Klueberplex = 1,6 kg
- Flex Lubricating grease ( blades ) = 10,3 kg
Opprydding i terrenget
Opprydding i terrenget utanfor tryggleikssona er godt i gang.
Havarert turbin
Første prioritet i forbindelse med den havarerte turbinen var og er ivaretaking av sikkerhet for personell tilknytt Midtfjellet Vindkraft og publikum. Det er av den grunn satt opp fysiske sperringar ved veg og turstiar. I tillegg til døgnvakt frå Securitas.
Nordex har sendt representantar frå HMS avdelinga, samt andre spesialister for å risikovurdere arbeidsoppgåvene med turbinen. Det kan ta opp til ein månad før turbinen er i ein sikker tilstand.
Resterande turbinar i vindparken
Som fylgje av hendelsen har Nordex stoppa dei resterande turbinane i heile vindparken. Nordex ynskjer å inspisere turbinane før dei kan setjas i drift igjen. Nordex ankom måndag med personell for dette formål. Det antydas at dei fyrste turbinane kan startas opp igjen mot slutten av veka, men det er avhengig av eventuelle funn.
Økonomi
Midtfjellet Vindkraft er sikra mot vesentlege økonomiske tap.