Natt til 31. oktober har det vore brann i ein av våre turbinar i Midtfjellet. Årsaka til brannen er ennå ikkje kjend. Me har sikra området og ber om at publikum held god avstand til den skadde turbinen.
Midfjellet Vindkraft har stoppa drifta i alle turbinane til me veit meir om årsaka til brannen. Me vil komma med meir informasjon her på nettsida straks me har noko å melda.