For oss er det viktig å kunne vera ein positiv lagspelar
Talet på personar som nyttar arealet som vindparken bandlegg er betydeleg større enn før vindparken vart etablert. God infrastruktur i området gjere tilgjengeligheten enklare for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, orientering, skiturar, jakt, fiske og camping og mykje meir for folk i alle aldrar.
Midtfjellet er heller ikkje berre eit populært område for aktivetar. Vindparken er ein spanande attraksjon i seg sjølv. Sidan oppstarten har me hatt fleire tusen besøkjande på guida turar frå sjukeheim, barnehagar, universitet, skular og andre institusjonar, i tillegg til bedrifter og politikarar.
Sidan oppstarten har det òg vore avholdt både motbakkeløp, orienteringsløp og halvmaraton med nasjonal interesse. Midtfjellet Vindpark har saman med andre aktørar set i gang ei rekkje populære tiltak som har gjort området ettertrakta for utflukter for familiar, samlingar i gapahuk, utandørsgudteneste, og mykje, mykje meir.