Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Vind

Kva er eigentleg vind?

Me har alle følt og kjent vind på kroppen. Den kalde isande vintervinden som jagar oss innomhus midtvinters, og den milde og varme solgangsbrisen som gjev vind i segla om sommaren. Men kva er så vind?

Kort fortalt er det luftrørsler i atmosfæren som oppstår når det eksisterer ein trykkforskjell mellom luftmassar. Denne trykkforskjellen kjem enten av tyngdekrafta eller sola si oppvarming av jordas overflate. Til dømes er kald luft tyngre enn varm luft, slik at tyngdekrafta trekk den kalde lufta mot bakken og skaper et høgtrykk ved bakkenivå.

Ein svært viktig faktor for at vind blir til, er sola. Den gjev frå seg enorme mengder energi som treff jordkloden kontinuerlig. Oppvarming av jordskorpa skapar varm luft langs bakken som gjer at lufta stig og skaper eit lågtrykk på bakkenivå. Trykkforskjellane må utjamnast og skjer ved at luftmassar sirkulerer frå område med høgt trykk til områder med lågt trykk. I denne rørsla ligg det lagra energi. Dette energipotensialet vert kalla vindkraft og kan fangast opp ved hjelp av vindturbinar slik me har på Midtfjellet.


 Vindkraft = Fornybar energi

Me har alle eit ansvar for miljøet vårt. Både lokalt og globalt. Det er på det reine at fossile energikjelder må vike om me skal klare å bringe jorda vår vidare i god stand til dei neste generasjonane. Vindkraft er heilt klart eit viktig middel for å klare det. Vindkraft er fornybar energi, og ei kraftkjelde som aldri går tom.

 

Midtfjellet har ein installert kapasitet på 110MW. Dersom produksjonen fra Midtfjellet skulle vore
basert på gassturbinteknologien med gass som drivstoff ville dette ha tilsvart:

Vind samenlikna med gass

 


bærekraftig utvikling

For å få til ei bærekraftig utvikling med vindparkar må me også væra viljuge til å gjera nokre grep for at ei slik utbygging kan gjennomførast. Me ser likevel vinsten som langt større: Me har etablert ein vindpark på Midtfjellet som er konsentrert og godt utnytta arealmesseg, og me har fått ein infrastruktur som gjer fjellet tilgjengeleg for nye brukargrupper.

Og ikkje minst, Me bidreg til at våre etterkommarar kan arva ei reinare jord. Som leverandør av fornybar energi utgjer me ein forskjell!


Lenker

Dette er en informasjonsside og skal inneholde etterrettelig informasjon om vindkraft. Siden har en bred tilnærming og egner seg for et bredt spekter av interessenter - studenter, vindkraftbransjen, myndigheter, politikere og samfunnet.

NORWEA er en interesse- og bransjeorganisasjon som jobber for å fremme norsk fornybar energiproduksjon.

Klimastiftelsen arbeider for utvikling og bruk av ny teknologi og nye energiformer som kan bidra til å redusere engergiforbruk og utslipp av klimagasser.