Me tek naturen i bruk, men har den berre til låns
I Noreg er me heldige med vår vakre natur, djupe fjordar og høge fjell. Friluftsliv er en del av den norske folkesjela. På Midtfjellet har me opna opp fjellet for fleire som tidligare ikkje hadde moglegheiter til å nytta fjella på Fitjar. Me vil at fleire skal få ta naturen i bruk, samstundes som at me skal kunne gje den over i minst like god stand til neste generasjon.
Les spørsmål og svar om folkehelse og natur
Der fortid møter framtid
Få om nokon stad i Noreg opplever du at fortid møter framtid på ein meir spektakulær måte enn på Midtfjellet. Det er vilt, vakkert, og samstundes framtidsretta. Me veit at vindparkar skapar debatt og engasjement. Samstundes veit me alle at dei skapar rein fornybar energi. At dei er med på å redusere klimautsleppa betydeleg i høve til det som gjerne hadde vore alternativa. Og me veit at vindparken har opna opp fjellet for ein rekke nye brukarar. Folk som tidlegare ikkje hadde mulegheiter til å nytta fjella på Fitjar.
Ein framifrå infrastruktur
Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindturbinane gjer det heile unikt og spesielt.
Midtfjellet er eit heilårsope «tilbod» for alle. Det er fritt tilgjenge i heile fjellet, og vinsten ved å nytta området er udiskutabel. God mosjon gir god helse. Nye aktivitetar gjev nye utfordringar.
Ut på tur aldri sur! Eit kjent uttrykk me gjerne lånar for å illustrere alle mulegheitene som ligg i nærområdet til fitjarbuane. Me ynskjer å sjå unge og gamle brukarar av fjellet kvar dag, heile året. Ta utfordringa og be gode vener og familiemedlemmer med på tur. Opplev å komme i betre form og få unike naturopplevingar på kjøpet. Håpar me sjåast!
Tilkomst
Vindparken kan du nå gjennom eit utal av stiar frå ulike delar av kommunen. Ynskjer du å nytta hovudvegen inn i parken, tek du av frå riksveg 545 ved Rimbareid, om lag 1,5 kilometer sør for Fitjar sentrum. Denne vegen er veleigna for både gåande, rørslehemma, foreldre med barnevogn og offroadsyklistar. Parkeringsplass finn du like ved inngangen til vindparken og lysløypa.
Velkomen!