Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Utbygging fase III

03.april 2018, KL 10:52

Spesialtransport frå Eldøyane til Midtfjellet startar i dag. Transport av tårn og vengjer er venta i midten av april.

13. Mars 2018

Framover vert det mykje aktivitet i Midtfjellet. Vis varsemd når dykk ferdast i Midtfjellet. Ha på godt synlege klede. Det er refleksvestar tilgjengeleg for lån ved Olstjødna. Hald god avstand til anleggsarbeid, minimum 300 meter.

Stangeland klargjer vegane for transport. Dei brøyter snø, ryddar grøfter og ferdigstiller vegar og kranoppstillingsplassar.

Hovudkran er venta transportert over påske.

Frå og med 3. April vert turbin komponentane transportert frå Eldøyane. Tilkomstvegen frå Fv545 og opp til parkeringsplassen vert stengd i korte periodar under transport.

 

21. Februar 2018

11 nye turbinar på veg til Midtfjellet

Fundamenta til de 11 nye er ferdig stilte. Turbinkomponentane vert i disse dagar levert på Eldøyane. Der vil det vera komplett lager i midten av mars. Spesialtransport av turbinane startar i April. Turbinane vert montert frå April til Oktober.

 

Trykk på den grønne knappen «Møllene» på kartet for å få opp vindturbin-posisjonar.



Kontaktpersonar

Byggeleder Midtfjellet Lars Helge Landa Tlf.: 91 79 38 55
Prosjektleder Midtfjellet Erik Mortensen Tlf.: 91 87 17 92

Nødnummer

image001

For meir informasjon om utbygginga, les vår informasjonsside.