Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Takk til alle som deltok på Midtfjelletdagen 2017

Me gledar oss over det gode oppmøtet og dei flotte idrettsprestasjonane.

20.september 2017, KL 12:46

Fleire hundre personar valte å ta turen til fjells forrige helg for å delta på denne folkefesten, som vart arrangert for fjerde året på rad. Arrangementet er eit samarbeid mellom Midtfjellet Vindkraft og Fitjar Idrettslag med våre tyske eigarar  Aquila Capital og Nordex Acciona Windpower i ryggen.

Midtfjelletdagen har etterkvart fått eit rikhaldig program der ein kombinerer sterke idrettsprestasjonar med leik og moro for heile familien. På programmet er det motbakkeløp, orienteringsløp, turmarsj, stands, musikk, underhaldning og kjekke aktivitetar for borna. Vår eigen superhelt Mr. Vind Miller dukka sjølvsagt opp i år også med akrobatikk og artige påfunn til glede for store og små. I tillegg hadde fleire politiske parti valt å leggja innspurten på valkampen til fjells. Våre tyske eigarar sørgde for gratis pølser, kaker og kaffi til alle, og me såg tydeleg at dette var noko alle sette stor pris på!

Det viktigaste for oss i dette arrangementet er å få folk ut og opp i fjellet. Så her prøver me å leggja til rette for alle uansett form og alder. Det er sett opp bussar for dei som ikkje ønskjer å gå eller springa, og i tillegg har me bussar på toppen, som varmestove og vindskjold. Trass i litt ruskevêr er derfor arrangementet tilgjengelig for alle.

Me kan slå fast at årets Midtfjelletdag vart ein suksess på alle måtar, og me gledar oss stort over dei imponerande sportslege prestasjonane under årets arrangement. Dei kan du lese meir om her.

Til slutt vil me takka Fitjar Idrettslag for eit utmerka arrangement, og våre sponsorar Aquila Capital og Nordex Acciona Windpower. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dykk.

 

Film frå Midtfjelletdagen 2017:

 

Foto frå Midtfjelletdagen 2017