Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Om Oss

Me trives best i opne landskap

Det har alltid vore vindfullt på Midtfjellet. Det opne landskapet gir gode vilkår for energiutnytting frå alle vindretningar. Det var dette som låg til grunn for ideen om ein vindmøllepark i fjellet. Vind er ein fornybar energiressurs som gjev straum til tusenvis av heimar og verksemder utan skadelege miljøutslepp av CO2 og NOx i lokalmiljøet.


Vindmølleparken

Vindmølleparken tel i dag 44 vindmøller. Desse produserer årleg rundt 350 GWh. Det gjev nok energi til om lag 17 500 husstandar, eller sagt på ein annan måte, nok straum til heile Sunnhordland. Omlag 60 000 innbyggjarar. Det er me stolte av!


Eigarar

Midtfjellet Vindkraft AS er eigd av Aquila Capital (64,84%),  Fitjar Kraftlag SA (3,3 %), Østfold Energi Vind AS (18%) og Vardar Boreas AS (13,85%).


Velkommen

Den informasjonen du no har fått er berre smakebitar om oss og det me skapar. På denne nettstaden finn du også mykje annan informasjon. Om vind, miljø, teknologi og lokalt engasjement. Og om korleis du kan nytta det flotte området som er tilrettelagd for allmenta rundt vindparken. Velkommen!