Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Midtfjelletdagen 2018 – flott oppmøte, gode idrettsprestasjonar og offisielle opning av byggefase III

Forrige helg gjekk Midtfjelletdagen av stabelen for femte året på rad i nydeleg septembervêr. Me er svært nøgde med arrangementet og set stor pris på at så mykje folk trekk til fjells år etter år.

14.september 2018, KL 09:08

Forrige helg gjekk Midtfjelletdagen av stabelen for femte året på rad i nydeleg septembervêr. Me er svært nøgde med arrangementet og set stor pris på at så mykje folk trekk til fjells år etter år.

Som tidlegare passa programmet både for liten og stor med turmarsj opp til mølle B12, motbakkeløpet «Først til mølla» og oriteringsløpet  «Møllesprinten», som i år òg var krinsmesterskap. Det var ekstra stas for oss i år med offisielle opning av byggefase III ved ordførar Wenche Tislevoll.

Ved målpassering fekk alle turmarsjdeltakarane medalje. Og fleire hundre var samla i målområdet for å gi dei raskast motbakkeløparane ein varm velkomst. Eit entusiastisk publikum tok imot 46 deltakarane, der Tom Erling Kårbø, Stord IL, sprang inn til ny løyperekord på utrulege 19:04. Vinnar av dameklassen vart Eli Anne Dvergsdal med tida 23:32. Resultat for «Først til Mølla 2018» finn du her.

I år hadde Møllesprinten over 80 løparar. I den raskaste klassen blei det gull til favoritten, Kenneth Westerheim frå Stord. Totalt vart det kåra fem kretsmestarar frå fem ulike klubbar. Resultat for «Møllesprinten 2018» finn du her. I tillegg til «Møllesprinten» arrangerte O-gruppa ei kort «Småtroll -orienteringsløype» for dei minste. Her fekk borna passe utfordring og me observerte at framtida er lys for o-sporten.

Etter ein nydeleg dag på fjellet inviterte me Fitjarbuen og andre interesserte til gratiskonsert med «Queen Tribute Live» på Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her var det Ole André Ertsås Westerheim med band som stod for musikken. Over 800 gratisbillettar gjekk med og konserten vart ei verdig markering for byggefase 3, der me har fått på plass 11 nye turbinar i Vindparken.

Til slutt vil me takka Fitjar Idrettslag for eit utmerka arrangement, og våre sponsorar Aquila Capital og Nordex Acciona Windpower. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dykk.

Du finn meir informasjon om arrangementet her.

Film frå Midtfjelletdagen 2018:

Bileter frå Midtfjelletdagen 2018: