Dekorativt Bakgrunns element.
Hovud bilete

Lokalt Engasjement

Me støttar

For Midtfjellet Vindkraft er det viktig å kunne vera ein positiv lagspelar. Me ynskjer å støtte gode aktivitetar i Fitjar, enten det gjeld kulturliv, idrett eller anna. Dei siste åra har skulekorps, idrett, barnehager, revy og seniorsenter vore nokre av dei som har nytt godt av dette. Og me ynskjer å støtte fleire i åra som kjem. Send gjerne ein søknad via vårt kontaktskjema.

Har du forresten høyrt om Midtfjellet-dagen? Les meir om den her.


Me nyttar

Kortreiste tenester sparar miljøet. Som ei framtidsretta bedrift med fokus på miljø, er det viktig for oss å bruka lokale tenester og samarbeidspartnarar på Fitjar og i Sunnhordland. På den måten kan me bidra til å styrke næringsutviklinga både i kommunen og i regionen, og skape gode ringverknader. Fitjar er ein framifrå kommune i utvikling, og Sunnhordland er ein framgangsrik kompetanseregion. Kortreist er bra!